Er du lokførar og vil vera ein del av eit arbeidslag?
I Bane NOR har me eitt felles mål - å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Derfor jobbar me målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig - og stadig blir viktigare. No treng me ein Lokførar som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
I stillinga som lokførar vil du vera ein del av eit arbeidslag som arbeider med ulike oppdrag knytt til jernbanedrift. Me sikrar at Noreg går på skjener med drift og vedlikehald av jernbanen og hos oss er det triveleg på jobb, med ein sterk vi-følelse og yrkesstoltheit. Hos oss vil du bli ein del av ei avdeling på Ål som har godt arbeidsmiljø, og me verdset tverrfagleg samarbeid der ein blir godt kjende og skaper gode resultat saman.
Dette kan me tilby deg
Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - og du vil bli inkludert i eit sosialt miljø. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine. Du vil også:
- Bli ein del av eit arbeidsmiljø med eit høgt fagleg kompetansenivå, stor arbeidsglede og dessutan ein givande og meiningsfylt arbeidskvardag med eit sterkt fokus på personleg utvikling
- Få ein sikker jobb heile året hjå ein solid arbeidsgjevar med spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Arbeide i turnus, og noko natt, helg og heilagdagar må påreknast.
- Få ta del i eit godt arbeidsmiljø, med samhald og fokus på tryggleik.
- Få konkurransedyktige vilkår og betalt lunsjpause.
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kompetanseutvikling og gode karrieremoglegheiter, og dessutan kursing og sertifiseringar internt og eksternt.
Vi er også opptekne av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Dette kjem du til å gjera
Ein stor del av kvardagen vil vera å køyra arbeidstog og samtidig vera ein del av eit arbeidslag som tek på seg ulike oppdrag knytt til jernbanedrift. I denne rolla vil du derfor ikkje berre køyra arbeidstog, men også delta på lik linje i produksjonen på linja som resten av arbeidslaget. I tillegg vil du ta del i:
- Varierte arbeidsoppgåver innanfor drift og vedlikehald av jernbanen.
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper i Bane Nor og sektoren er ein viktig del av jobben.
- Du kan måtta forventa noko reiseverksemd og deltaking i prosjektoppgåver utanfor stasjoneringsstad, verkstad
- Som lokførar vil du vere ein viktig ressurs, og det kan vere aktuelt å bistå andre avdelingar med køyring ved behov.
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
Eit krav for å vera aktuell for stillinga er godkjenning som lokførar. I dette ligg det også at du har nødvendig strekningskompetanse og typegodkjenning. Me ønskjer også at du er:
- Godkjent som, eller er villig til å ta tilleggsutdanning som hovudtryggingsvakt (HSV) og leiar for Elsikkerhet (LFS).
- Godkjent helsekontroll - du må oppfylla krava i helsekravforskrifta, der det blir stilt krav til mellom anna syn, høyrsel og fargesyn.
- Villig til å gjennomføre naudsynt internopplæring, typekurs og tileigne deg strekningskunnskap dersom du er nyutdanna frå Lokførarskulen.
Vi vektlegg også personlege eigenskapar i stor grad. Me trur at du er ein god match om du liker å stå på og kjenner deg igjen i eigenskapar som å:
- Liker å kommunisera tydeleg og godt.
- Arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk.
- Ha god tryggleiks- og risikoforståing.
- Være løysingsorientert og har ei evne til å tenkja heilskapleg.
- Ha forståing for tverrfaglegheit og liker samarbeid med andre faggrupper.
Kjekt å vite
Å søke jobb i Bane NOR skal være enkelt. Du trenger derfor ikke å skrive et søknadsbrev - en godt utfylt CV på norsk og dine svar på noen få spørsmål i søknadsprosessen, er det vi ønsker fra deg.
Ser du noe du ikke kan? Ta det helt med ro – vi skal sikre at du får en god opplæring! Vi oppfordrer deg til å søke stillingen om den er interessant, og om du har lyst til å lære noe nytt.
Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker oss kollegaer med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Det er viktig for oss at våre medarbeidere identifiserer seg med våre verdier som er åpen, ansvarlig og lagspiller. Hva betyr disse verdiene for deg?
Bane NOR samarbeider med Semac som er en ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidater. Bakgrunnssjekken utføres etter samtykke fra deg som søker og innebærer at vi verifiserer CV og annen søknadsdokumentasjon i forbindelse med ansettelsen.
Vil du sette spor, håper vi du tar kontakt med oss
Rekrutterende leder: Rune B. Martinsen, Produksjonsleder
✆ (+47) 95226084 | ✉ rune.bjornstad.martinsen@banenor.no
NO