Banemontør med førerkompetanse
I Bane NOR har me eitt felles mål – å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Derfor jobbervi målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegermed ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig – og stadig blir viktigare. No treng me ein Banemontør som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre. Som Banemontør bidreg du til at Norge går på skjener, med drift og vedlikehald av jernbanen.
Me trivst på jobb, og har samhald og yrkesstoltheit i arbeidet vårt. Hos oss blir du med i ei avdeling med myetverrfaglig samarbeid der ein blir godt kjende, og kvar ein saman skaper gode resultat for jernbanen i Norge. Du vil få varierte arbeidsoppgåver innanfor drift, vedlikehald og fornying. Høyrest dette ut som noko for deg? Les vidare!
Hos oss får du
Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk sam brennar for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggende moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - og du vil bli inkludert i eit sosialt miljø og faglige arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og selvsagt personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine. Me har også:
- Godt arbeidsmiljø, med fokus på samhald og tryggleik
- Gode utsikter for fagleg utvikling og moglegheiter for sertifisering
- Flott arbeidsstad med gode kollegaer
- Turnusarbeid der du kjem heim kvar dag, men ein del natt, helg og heilagdagar må påreknast
- Permisjonsordninger for alle livsfasar
- God seniorpolitikk
Vi er også oppteken av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Dette kjem du til å gjera
Du kjem til å vera ein del av eit lag som utfører feilretting, drift og vedlikehald av banestrekninga. I dette liggjar det:
- Fornying og investeringsoppgåver på linja
- Bidra til forbetringsarbeid for å oppnå auka tilgjengelegheit i anlegg
- Være ein del av tverrfagleg samarbeid på tvers i Bane NOR og med andre aktørar i sektoren
- Være villig til å utføra andre prosjektoppgåver også utanfor eigne kontraktsområde
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
Vi stiller krav til at du har fagbrev som banemontør. Om du har erfaring med arbeid på spor og skjene er dettesvært positivt. Me håpar også at du kan kjenna deg igjen i:
- Godkjent HSV, eller at du er villig til å ta dette. Yrkespsykologisk test vil bli gjennomført før tiltreding om du ikke allereie er godkjent som HSV
- Ønskjeleg med førarkompetanse med typegodkjenning. Det vil bli tilrettelagt med strekningsprøve dersom dette er nødvendig
- Har førarkort klasse BE
- Det er ønskjeleg at du har maskinførarbevis, eller kan visa til lang erfaring med å føra maskiner
- Du har godkjent helsesjekk/helsetest. Det er eit krav om at du må oppfylla krava i helsekravforskrifta, der det stilles strenge krav til mellom anna syn, høyrsel og fargesyn
Personlege eigenskapar vil også bli tillagt vurderinga. Me håpar at du kan kjenna deg igjen i:
- Kommuniserer på ein klar og tydeleg måte
- Sosial og liker å jobba i lag
- Verdsetter struktur og klara rammer Innehar god tryggingsforståing
- Ser verdien av samarbeid og moglegheitene som tverrfagleg samarbeid gir oss og deg
Kjekt å vita
Å søkja jobb i Bane Nor skal vera lett. Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg.
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til åsøke stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at våre medarbeidarar identifiserer seg med våre verdiar som er open, ansvarleg og lagspelar. Kva betyr disse verdiane for deg?
Bane NOR samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og andre søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja spor, håpar me du tek kontakt med oss
Rekrutterende leder: Bjørn Aabakken, Produksjonsleder
✆ (+47) 90577415 | ✉ bjorn.aabakken@banenor.no
Otta, NO, 2670