Prosjektleiar AUST til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

 

Er du klar for ein leiarstilling i Norges største tunnelprosjekt? Ønskjer du spanande utfordringar i eit megaprosjekt der du jobbar med veg og bane og for to av Noregs største byggherreorganisasjonar? Dette er ein av fire sentrale leiarstillingar i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) som no er lyst ut. To er lyst ut i Bane NOR og to i Statens vegvesen. 

 

Prosjektleiar AUST får resultatansvar for ei portefølje av svært store entreprisar i FAS, saman med økonomisk anvisningsmynde og personal- og oppgåveleieransvar. 

 

FAS er Noregs største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel som eit tunnelsystem for veg og bane. Prosjektet omfattar to nye jernbanestasjonar og nye kryssløysingar for veg i dagsonene. Byggestart er planlagt i 2025 og prosjektet vil bli gjennomført med felles organisering, prosjektering og bygging av Statens vegvesen og Bane NOR. 

 

Du finn meir informasjon om prosjektet her: Fellesprosjektet Arna – Stanghelle

 

Har du erfaring med tunnel og samferdsel? Kva synes du om ansvaret for ulike entrepriseformar?

 

Prosjektleiar AUST sin portefølje inneberer resultatansvar for både tunnel- og dagsoneentreprisar, og både utføring- og totalentreprisar. Resultatansvaret inneberer oppfølging av både tunneldriving, konstruksjonsarbeider og grunnarbeider for stasjonsetablering. Du skal sørge for at din portefølje kan gjennomførast i tråd med prosjektmåla for sikkerheit, økonomi, framdrift, klima og miljø, og til rett kvalitet. Dette krev at du er metodisk og systematisk i tilnærminga, planleggjar framover, gjer prioriteringar og fordelar ressursar effektivt. Du er oppteken av forbetringar, er lærevillig, nysgjerrig og løysningorientert. 

 

Er du skikkeleg god tilå samarbeide?

 

Leiaransvaret vil vere stort og omfatte tilsette frå begge organisasjonar. Du blir ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø internt og gode relasjonar eksternt. Du må ha forståing for utfordringane knytta til å vidareutvikle felles arbeidskultur for tilsette frå to byggherreorganisasjonar, noko som vil utfordre dine kommunikasjonsevner. Dedikerte kollegaer krev at du har fokus på erfaringsoverføring og kompetanseutnytting. Tett samarbeid og koordinering  på tvers i prosjektet er avgjerande for måloppnåing, og du må evne både å gi og ta i leiargruppa. Vi ser etter deg som vil jobbe aktivt med teamutvikling og med det å vere ein god representant for både Bane NOR og Statens vegvesen.

 

Du kjenner deg igjen i fleire av desse punkta:

 

  • Minimum 3-årig relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde. Ved lang og relevant erfaring kan vi fråvike utdanningskrav i særskilde tilfelle. 
  • Solid erfaring frå tilsvarande leiingsfunksjonar, fleirfagleg koordinering og gjennomføring av store samferdsleprosjekt.
  • God forståing for byggherrerolla, ulike kontraktstandardar og offentlege anskaffingar.
  • Har allsidig kunnskap innan fagområda og er medvite eigne faglege avgrensingar.
  • Kjennskap til relevante krav, under dette lovverk og standardar.
  • Erfaring i bygging av tverrfaglege team.
  • God kunnskap innan bruk av digitale verktøy.
  • Erfaring med verktøy for prosjektstyring og samhandling.
  • Svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og god på engelsk.
  • Tverrfagleg forståing og erfaring med god grensesnittshandtering.
  • Leiarprinsippa om å ta ansvar, sette retning, gje handlingsrom og utvikle og motivere.

 

Kvifor skal du velje oss?

 

Som tilsett i dette prosjektet blir du ein del av både Statens vegvesen og Bane NOR. Prosjektet vil pågå i 12-14 år frå byggestart og her er ein unik moglegheit til å jobbe for to av Norges største byggherrar samtidig. Her vil du påverke samfunnsutviklinga til eit svært etterlengta samferdsleprosjekt, der me skal prosjektere og bygge både ny veg og bane i eit skredfarleg område. 
Som tilsett i Bane NOR  vil du bli teke godt i mot, og du blir ein del av eit fellesskap. Arbeidsmiljø er viktig for oss, og du må identifisere deg med våre verdiar som er open, ansvarleg lagspiller.

 

Vi tilbyr:

 

  • Ei viktig posisjon i eit av Noregs største samferdselsprosjekt. Ein utfordrande og ansvarsfull rolle i eit svært spennande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. 
  • Ansvar og fagleg oppfølging hos to av Noregs største byggherrar samtidig.
  • Gode utviklingsmoglegheiter i ein organisasjon som sterkt verdsette leiarutvikling og -støtte. 
  • Personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY sine tog.
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar og fleksibel arbeidstid, samt sommar- og vintertid. 
  • Arbeidsstad er anleggskontor i Arna, men i Bergen sentrum frem til dette er etablert. Heimekontor etter nærmare avtale.

 

Vi ser fram til å lese din søknad!

Vil du sette spor, håper vi du tar kontakt med oss

 

Rekrutterande leiar: Anne Katrine Laskemoen Herdlevær, Prosjektsjef Arna - Stanghelle
✆ (+47) 92647455 | ✉ anne.katrine.laskemoen.herdlevaer@banenor.no

 

Oppgåveleiar: Katrine Sælensminde Erstad
✆ (+47) 41 68 09 12 | ✉ katers@vegvesen.no

Stillingstittel:  Prosjektleiar øst
Stillingskategori:  Prosjektledelse
Sted: 

NO

Ansettelsesform:  Fast ansatt
Antall stillinger:  1
Søknadsfrist:  03.11.2024

I Utbyggingsdivisjonen bygger vi for at flere kan ta mer tog. Vi gjennomfører landets største samferdselsprosjekter i milliardklassen, men også mindre og smarte løsninger. Hos oss blir du en del av et prosjektmiljø som har som mål å bli Norges ledende på planlegging og gjennomføring av store infrastrukturprosjekter. Vår oppgave er å fornye og modernisere jernbanen slik at flere kan reise trygt og effektivt med tog. Vil du sette spor etter deg? Vil du jobbe i et tverrfaglig prosjektmiljø som planlegger og bygger samfunnsnyttig infrastruktur? Bli med på laget og sett ditt eget preg på Norges jernbanefremtid!

Bane NOR har ansvaret for jernbaneinfrastrukturen i Norge. Vi realiserer samfunnets ønske om  jernbanevekst og bidrar til et bærekraftig samfunn. Vi er et statsforetak med hovedkontor i Oslo og rundt 5000 ansatte i hele landet. I Bane NOR jobber vi for å forbedre og modernisere jernbanen, så flere kan reise effektivt og trygt med tog. Søk jobb hos oss og bli med på den viktige og historiske satsningen.