Anleggsleder linjen
Om oss
I Bane Nor har me eitt felles mål – å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Derfor jobbar me målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig – og stadig blir viktigare. No treng me ein anleggsleiar til Voss som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
Du jobbar tett med driftsleiaren i strekninga og produksjonsleiarar, og tek sjølvstendig styring i utpeika prosjekt og arbeid. Du er målretta, og sørgjer for god gjennomføring i heile verdikjeda, frå planlegging til evaluering av gjennomført arbeid.
Hos oss får du
Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - Du vil bli inkludert i eit sosialt miljø med m.a bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine. Me har også:
- Permisjonsordningar som møter behovet ditt
- God seniorpolitikk
Vi er også opptekne av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Dette kjem du til å gjera
- Lede fagarbeidarar og arbeidslag
- Lede arbeid/arbeidsområde på ein sikker måte etter gjeldande HMS-standard
- Sørgja for god utnytting av ressursar
- Motivere tilsette til resultatoppnåelse
- Lede produksjon og sikra effektiv planlegging saman med produksjonsleiarar og bas.
- HMS-ansvar og oppfølging
- Analyser, rapportering og oppfølging av drifta
- Andre oppgåver kan tilleggjast stillinga
Dette trur me du treng for å lykkast og trivast
- Teknisk utdanning (ingeniør, teknisk fagskule eller liknande)
- Erfaring med arbeidsleiing og prosjektgjennomføring, eventuelt anna leiarerfaring
- Forretnings- og økonomiforståing
- Jernbaneteknisk erfaring, gjerne som banemontør
Som person;
- Sjølvstendig, initiativrik, proaktiv og endringsvillig
- Relasjonsbygger og evne til å skapa engasjement og involvering
- Gode analytiske evner
- Systematisk, strukturert og målretta
- Helhetstenkende, og resultatorientert med stor gjennomføringsevne
- Gode presentasjons- og kommunikasjonseigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga.
Kjekt å vita
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, ansvarleg og lagspelar. Kva betyr desse verdiane for deg?
Bane Nor samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja verkelege spor, håpar me du tek kontakt med oss!
Rekrutterende leder: Geir-Ole Selland, Produksjonsleder
✆ (+47) 41415656 | ✉ geir-ole.selland@banenor.no
Voss, NO, 5704